top of page
IMG_2894_edited_edited.jpg

Havreberg treningssenter

Havreberg Coaching har to treningssenter i Etne. Vårt første treningssenter, Havreberg Treningssenter - Norheim, fungerer som vårt hovudkvarter. Her, i ein låve som er renovert til over 200 kvm med treningsområde, finn du alt frå styrketreningsutstyr og uthaldstreningsutstyr til eit mattelagt område for kampsport eller liknande aktivitetar. Uteområdet gir òg moglegheiter for styrketrening i naturskjønne omgjevnader.

Takket være store pågangen den siste tida har me no hatt gleda av å utvide vårt tilbod med eit nytt treningssenter i det moderne Ljoshallbygget. Dette senteret er utstyrt med topp moderne fasilitetar og det beste utstyret frå Hammer Strength, noko som gir medlemmane våre ei førsteklasses treningsoppleving i lyse, opne og inspirerande lokale.

Havreberg Coaching er stolte av å tilby desse treningssentera som ein del av vår forpliktelse til å støtte deg i din treningsreise, anten du søker individuell veiledning eller eit sjølvstendig treningsmiljø.

Anker 1
Anker 2

Våre treningsenter

ljoshallbygget

Haukelivegen 1003, 5590 Etne

Velkommen til Ljoshall, vår nyeste treningsavdeling i eit moderne næringsbygg. Med over 250 kvm lyse, romslege lokaler utstyrt med toppmoderne treningsutstyr fra Hammer Strength, er dette staden for deg som søkjer kvalitet i treninga. Dei store vindaugene gir ei luftig atmosfære, perfekt for både styrke- og utholdenhetstrening. Her kan du trene på eige hånd eller med personleg trener. Senteret opna i oktober 24, og skal gi deg ei førsteklasses treningsoppleving.
 

norheim

Haukelivegen 1131, 5590 Etne

Norheim-avdelingen gir deg ei unik treningsoppleving i ein smakfullt renovert låve, omgitt av vakre, landlege omgivingar. Treningssenteret har over 200 kvm med utstyr for styrke, utholdenhet og eit dedikert mattelagt område for kampsport eller funksjonell trening. Uteområdet byr på eit robust styrketreningsstativ, perfekt for trening i frisk luft. Senteret er nylig utvida med 150 kvm, der gruppetimane crosstrain og boksing føregår. 

 

bottom of page