
om havreberg coaching
Havreberg Coaching er eit firma grunnlagt i 2020 av Geir Arne Havreberg og Hans Kristian Åsheim Havreberg. Det vart starta som eit tilbod for karateutøvarar med eit ønske om å forbetra prestasjon i konkurransar. Dette har etterkvart utvikla seg til å bli eit omfattande tilbod innan treningsrettleiing, samt lokale til å trena i. Firmaet er lokalisert i Etne men hjelper utøvarar over heile landet gjennom Online Coaching og treningsamlingar.
vår visjon
Gjennom fleire års erfaring innan Kyokushin Karate oppdaga me ein mangel av tilbod for utøvarar som ønskte å ta det neste skritt i treninga. Karate miljøet er prega av mange små klubbar der dei fleste er frivillige trenerar. Slike eldsjeler er fantastiske og ein viktig del av utvikling av utøverar. Men som frivillig skal instrueringa ofte sjonglerast med jobb, familie og andre forpliktingar. Dette kan gjera det vanskeleg å gi eventuelle ekstra tilbod til utøvarar utover dei faste øktene til klubben. Etter stadig fleire førespurnader frå utøvarar og trenarar om råd og oppfølging, såg me ein mangel på moglegheit til oppfølging av utøvarar som ønskte å satsa. Ønsket om å hjelpa i slike situasjonar er hovudårsaken til at Havreberg Coaching vart grunnlagt. Me utvikla eit tilbod som gav utøvarar moglegheit til å få treningsoppfølging både i spesifikk- og fysisk trening, som eit suplement til treninga dei hadde i klubbane. Dette vart gjennomført både via online coaching, 1- til 1- treningsoppfølging og treningssamlingar. Det gav utøverar eit tilbod til å ta treninga si til det det neste nivået.
Etterkvart har tilbodet utvikla seg til å bli eit breitt tilbod som kan hjelpa med tenester for dei fleste som ønsker å oppnå mål med relasjon til fysisk aktivitet. Den dag i dag jobbar me med utøvarar frå mange idrettar som til dømes fotball, handball, tennis og turn. Og dessutan folk som ønsker å komma i form, bygga seg opp etter skade eller endra kroppsamansetning.
Visjonen vår er å hjelpa alle som måtte ønska forandringar og oppnå måla sine. Om det er å bli verdsmeister, eller å kunna fungera betre i kvardagen, så vil me bruka metodane våre basert på forsking og erfaring til å hjelpa deg på vegen.
vårt team

geir havreberg
Grunnleggar og trenar
Geir Havreberg er først og fremst kjent som ein av dei mest anarkjende og velykka Karate Kyokushin personlegdommane i Noreg. Han har 15 års erfaring som utøvar der han via landslaget konkurrerte både nasjonalt og internasjonalt, samt 45 års erfaring som trenar. I løpet av den tida har han bygd opp Etne Kyokushin Karate Klubb, arbeida 12 år som landslagstrenar samt instruert på uttallige treningssamlingar verda over. Dette har resultert i utøvarar som har oppnådd historiske prestasjonar som ein 3. plass i VM og fleire topplaseringar i EM. Dette har blant anna gitt han æresmedlemskap i Noregs Kyokushin Karate Organisasjon (NKKO). I tilegg til dette har Geir Havreberg vert aktiv i idrettsstyre både nasjonalt i NKKO, Noregs Kamsportforbund og lokalt i Etnes idrettsråd. Han har òg fleire sertifiseringer innan Norges Idrettsforbund, blant dette klubbutvikling, som han har reist rundt heile Noreg og jobba med i lengre periode.
Denne erfaringa har han no tatt med seg inn i grunnlegginga av Havreberg Coaching, der han allereie i fleire år har jobba og hjelpt utøvarar på alle nivå med å oppnå måla sine. Ved sin gode evne til å formidla kompleks kunnskap enkelt gir Geir kundane dei verktøya som trengst for långvarig framgang og gode treningvanar, som gir ein rask og effektiv måte å nå sine mål på.
Med oppfølging fra Geir får du opplæring fra bunnen og svar på de spørsmål du skulle lure på rundt trening. Detta gjer at eit samarbeid kan styrka kunnskapen din samstundes som fysiske målsettingar nåes.
Erfaring:
-
Grunnlegger og hovudtrener i Etne Kyokushin Karate klubb siden 1982
-
12 år som landslagstrener for NKKO
-
Fysisk trener hos Havreberg Coaching
-
Instruktør på fleire nasjonale og internasjonale treningssamlingar
-
Landslagsutøver og landslagstrener i til samen 12 år
sertefiseringar:
-
Instruktørkurs frå Norges Kyokushin Karate Organisasjon
-
Trener 2 i Norges Kamsportsforbund

hans kristian Å. havreberg
Grunnleggar og trenar
Hans Kristian Å. Havreberg er først å fremst kjent som konkurranseutøvar i Kyokushin Karate. Han har konkurrert i over 13 år, der seks av dei er som landslagsutøvar. Gjennom denne tida har han oppnådd fleire nasjonale og internasjonale titlar. Samstundes med idrettskarrieren har han utdanna og jobba som trenar innan og utanfor idretten. Til samen har han 10 års relevant utdanning, blant annet bachelor og pågåande mastergrad i idrettsvitenskap, personlig trenar utddaning og trenarkurs i NKKO. I tillegg har han praktisk erfaring over fleire år gjennom samarbeid med alt frå landslagsutøvarar til mosjonistar.
Denne erfaringa har han no tatt med seg inn i grunnlegginga av Havreberg Coaching, der han allereie i fleire år har jobba og hjelpt utøvarar på alle nivå med å oppnå måla sine. Ønsker du å forbetre prestasjon endten som ein ung og lovande fotballspelar, ivrig mosjonist eller på landslaget i karate er han coachen for deg. Han er kunnskapsrik, detaljorientert og jobbar hardt for å tilby den beste totale pakken.
Arbeidet hans handlar i stor grad om å kartlegga individuelle behov og tilpassa det totale produktet deretter. Dette handlar i stor grad om å finna fram til styrkane dine, svakheiter og forbetringsområde. Ikkje minst handlar det om å finna ut av fleksible løysingar som fungerer for deg som kunde over tid, då dette er av høgaste viktigheit for resultat, nettopp over tid.
Erfaring:
-
Seks år som landslagsutøver for NKKO
-
Trenar ved Etne Kyokushin Karate Klubb
-
Trenar ved Bergen Kyokushin Karate Klubb
-
Instruktør på flere nasjonale treningssamlingar
-
Fleire nasjonale og internasjonale titlar som Norges- og Europameister
sertefiseringar:
-
Bachelor i idrettsvitenskap ved Universitete i Agder
-
Master i idrettsvitenskap
-
Utdannet Personlig Trener ved Fakultetet for Helse og idrettsvitenskap ved Universitetet i Agder
-
Idrett grunnfag ved Etne Vidargåande Skule
-
Trenarkurs ved Norges Kyokushin Karate Organisasjon

Reidar austrheim
Springetrenar
Reidar Austrheim er ein aktiv konkurranseløpar med fleire sterke resultat på distansar frå 1500 meter til halvmaraton. Han har mellom anna personleg rekord på 14:52 på 5000 meter og 31:34 på 10 kilometer, og tok i 2026 andreplass på Bergen City Halvmaraton med tida 1:08:52. Han har òg deltatt i NM både innandørs og utandørs.
Reidar har bakgrunn frå fotball, som han satsa på gjennom heile oppveksten. Då idretten vart sett på pause under pandemien i 2020, valde han å satse vidare på løping, som allereie hadde vore ein viktig del av treninga hans. Sidan den gong har han utvikla seg til å bli ein av dei sterkaste løparane i regionen.
Ved sida av eiga løpesatsing studerer Reidar fysioterapi ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Han har tidlegare gått idrettsfag og har gjennomført løpetrenarkurs i regi av Norges Friidrettsforbund.
Som trenar er Reidar oppteken av å sjå heilskapen og tilpasse treninga til livet til den enkelte. Trening skal passe inn i kvardagen, ikkje krevje at heile kvardagen blir bygd rundt treninga. For Reidar er god helse alltid fundamentet, også når målet er å prestere betre.
Treningsfilosofien hans byggjer på kontrollert og langsiktig trening. Når treninga gir meistring og motivasjon, blir det enklare å skape kontinuitet. Og nettopp kontinuitet meiner Reidar er ein av dei viktigaste nøklane til framgang over tid.
Med Reidar som løpetrenar får du ein engasjert og nysgjerrig trenar som brenn for løping og ønskjer å forstå både måla dine, kvardagen din og utgangspunktet ditt. Enten du ønskjer å kome i gang med løping, springe meir, sette ny personleg rekord eller førebu deg til konkurranse, blir treninga tilpassa deg og det du ønskjer å oppnå.
Erfaring:
-
aktiv konkurransespringar
-
NM i utendørs og innendørs springing
-
2. plass i Bergen City Halvmaraton
-
Vinnar av Bergen City 5km, Ølmedal rundt 25 & 26, og fleire andre løp
sertefiseringar:
-
Påbegynt 3. året på Fysioterapi, Høgskulen på Vestlandet
-
Løpetrenarkurs frå Norges Friidrettsforbund
-
Idrettsfag frå vidaregåande skule

Helene Bennett
Trenar
Helene starta sjølv å trene etter sitt fjerde svangerskap i 2009, utan tidlegare bakgrunn frå idrett eller trening. Ho oppdaga raskt kor mykje styrketrening kunne bety for både fysisk kapasitet, meistring og kvardagen, og i 2014 valde ho å gjere interessa til ein karriere. Ho utdanna seg til personleg trenar gjennom AFPT og har sidan vidareutdanna seg innan calisthenics og progressiv trening med eiga kroppsvekt.
Som personleg trenar hos Elixia arbeidde Helene med ei brei kundegruppe med ulike utgangspunkt, mål og utfordringar. Gjennom mange år med både eiga trening og oppfølging av andre har ho utvikla ein særleg interesse for styrketrening for kvinner, og for korleis systematisk og progressiv trening kan skape framgang over tid.
Helene er i dag 40 år og mor til fem gutar. Det har gitt henne eiga erfaring med å få trening til å fungere gjennom ulike fasar av livet og i ein travel kvardag. Ho veit også korleis det er å starte utan erfaring og gradvis byggje både kunnskap, styrke og tryggleik i treninga.
Som trenar er Helene direkte, engasjert og opptatt av å møte kvar enkelt der dei er. Ho arbeider metodisk med bevegelseskvalitet, god teknikk og gradvis progresjon, med mål om å skape resultat som varer. Ho brenn særleg for å hjelpe kvinner som ønskjer å prioritere seg sjølv, bli sterkare og kjenne på utvikling og meistring gjennom trening.
Med Helene som trenar får du tett og målretta oppfølging tilpassa ditt utgangspunkt, kvardagen din og det du ønskjer å oppnå.
Erfaring og sertifiseringar
-
Sertifisert personleg trenar, AFPT
-
Videreutdanning i calisthenics og progressiv eigenvektstrening
-
tidlegare personleg trenar hos Elixia
-
Over. 10 års erfaring som personleg trenar
-
Erfaring med utvikling av styrketreningsprogram

HILGJERD MOLNES NILSEN
Trenar
Hilgjerd har eit brennande engasjement for trening og fysisk aktivitet, noko som har prega både livsstil og karriereval gjennom heile livet. Ho vaks opp i ein familie der fysisk aktivitet var ein naturleg del av kvardagen, og har sjølv vore aktiv innan fleire idrettar. Fotball var hovudidretten i barne- og ungdomsåra, men interessa for styrketrening og friluftsliv har også vore sentrale delar av hennar kvardag i mange år.
Ho starta med styrketrening under studietida ved Norges Idrettshøgskole i 2003, og har sidan då hatt styrketrening og folkehelse som eit tydeleg fokus i arbeidet sitt. Med over 20 års erfaring frå treningsbransjen har Hilgjerd opparbeidd seg brei praksis som instruktør og trenar, der ho har jobba med alt frå barn og unge til vaksne, eldre og gravide.
Hilgjerd har òg erfaring frå helsevesenet, der ho har jobba som idrettspedagog ved Stord sjukehus. Der utvikla ho spisskompetanse innan rygghelse og rehabilitering knytt til muskel- og skjelettplager. I tillegg har ho lang erfaring med kosthaldsrettleiing og vektregulering, og legg stor vekt på å hjelpe kundane sine til sunne og varige livsstilsendringar.
Som trenar er Hilgjerd trygg, tilgjengeleg og grundig. Ho legg vekt på å møte kvar enkelt kunde med respekt og tilpassa oppfølging, og jobbar målretta for å finne gode og realistiske løysingar som fungerer over tid. Ho er særleg oppteken av samanhengen mellom trening, helse og livskvalitet – og vil vere ein solid støttespelar for deg som ønskjer å kome i gang, kome vidare, eller kome tilbake.
Erfaring:
-
21 årserfaring som instruktør og trenar
-
Idrettspedagog/fagkonsulent Trygg Rygg – ryggpoliklinikken Stord sjukehus
-
Instruktør og trenar ved ulike treningssenter ( Sogndal idrettssenter, Sogndal Friskis og
Svettis, Etne fysioterapi og trening, Albatross Fitness senter, Frisk treningssenter og
Molnes Nielsen trening og helse, Havreberg Coaching).
-
Vegleiar for nye instruktørar og trenarar
-
Kursholdar kosthald og livstilsendring
-
Kursholdar for gravide ( saman med jordmor)
-
Instruktør seniortrening
-
Mor og barn trening
-
Trening etter fødsel
-
Kroppsøvingslærar – Sogndal Vidaregåande skule
-
Kroppsøvingslærar – Enge skule

Lise løvereid
Mental trenar
Mental rettleiing for deg som ønskjer meir balanse, kapasitet og retning i kvardagen
Lise Løvereide tilbyr mental rettleiing for deg som kjenner på stress, står i mykje over tid, eller ønskjer ei endring i kvardagen.
Lise jobbar med menneske som vil forstå seg sjølv betre og få ein meir berekraftig balanse mellom krav og kapasitet. Dette kan handle om stress, uro, manglande retning eller kjensla av å stå fast. Målet er å skape meir ro, overskot og klarheit i kvardagen, både på jobb og i livet elles.
Med bakgrunn som spesialsjukepleiar, mental trenar og master i helsevitenskap og organisasjon og leiing, kombinerer Lise fagleg tyngde med praktiske verktøy. Ho hjelper deg å handtere press, ta betre val og stå stødigare i det du møter i kvardagen.
Gjennom samarbeid med Lise får du tett oppfølging og konkrete verktøy for å handtere stress og skape ei retning som kjennest riktig for deg. Eit sentralt fokus er korleis du kan bruke fysisk aktivitet som ein del av stressmeistringa, og få betre effekt av både trening og kvardag.
Dette er eit tilbod for deg som ønskjer meir overskot, betre balanse og ei tydelegare retning i det du står i.
Erfaring:
-
Lang erfaring som spesialsjukepleiar innan mental helse
-
Mental trenar og coach i eiga verksemd
-
Forskingserfaring innan livskvalitet og kronisk sjukdom
-
Drift og utviklingsarbeid i offentleg sektor
-
Rådgjeving og forretningsutvikling i privat og offentleg sektor
-
Spesialsjukepleiar – mental helse
-
Sertifisert mental trenar og coach – AFPT og Høgskulen i Innlandet
sertefiseringar:
Møt gruppetrenarane våre
Me har gruppetimar for både CrossTrain, Boksing og Zumba.
Møt trenarane våras her!

CrossTrain Trener
Steffen Hope
Steffen er ein engasjert CrossTrain instruktør som brenn for funksjonell trening, meistring og å skape gode treningsopplevingar for alle nivå.

CrossTrain Trener
Frida Krog
Frida er CrossTrain instruktør med stor treningsglede og eit ønske om å skape utfordrande, inkluderande og motiverande økter for alle.

Trenar for Boksing
Vitalijus Malcius
Vitalijus er tidlegare konkurranseboksar med bakgrunn frå Peacock Gym i London og to junior NM titlar frå Litauen, og deler no erfaringa si som bokseinstruktør hos Havreberg.

Zumba Trener
liljana
Liljana er vår energiske Zumbainstruktør og brenn for å skape treningsglede gjennom musikk, dans og bevegelse. På timane hennar er fokuset på god energi, meistring og ei treningsøkt der alle kan vere med, uansett erfaring og nivå.