havreberg coaching
x
etne senter
20. Juni arrangerer Havreberg Coaching eit Social Run i samarbeid med Etne Senter!
Dette blir eit større og betre social run enn nokon gong!
Meir informasjon kjem snart.

%20(1).png)
Sterkare kvardag
med tomine
Har du lyst til å bli litt sterkare, få meir energi og kjenne deg tryggare i kroppen?
Sterkare Kvardag er eit tilbod for deg som av ulike grunnar ikkje har kome i gang med trening, eller som ønskjer hjelp til å ta opp att gode vanar. Kanskje har du prøvd før utan å få det til. Kanskje er du usikker på kvar du skal starte. Eller kanskje du berre kjenner at det er på tide å gjere noko for deg sjølv.
Gjennom seks veker møtest me to gonger i veka på dagtid for trening i ei lita og trygg gruppe. Her er det ingen krav til erfaring eller form. Øktene blir tilpassa deltakarane, og fokuset er på meistring, rørsleglede og gradvis framgang.
Målet er ikkje å bli topptrent. Målet er å få ein sterkare kropp, meir overskot i kvardagen og større tru på eigne evner.
Gruppa blir leia av Tomine, som følgjer deg tett gjennom heile perioden og sørgjer for at du kjenner deg trygg og ivaretatt frå første dag.
Dette er eit tilbod for deg som ønskjer å investere i eiga helse saman med andre i same situasjon.
Har du spørsmål eller ønskjer å vere med? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Social run
med Tomine
I veke 13 og 14 blei det arrangert Social Run med Tomine, her i Etne. Då samlast ein gjeng for å springe ei runde i Etne Sentrum. Etter løpet blei der servert kaffe og vafler inne på Ljoshall. Ein perfekt start på morgon!

Utviding av Norheim
Opninga på Norheim var ein suksess!
Det blei en strålande dag med fulle gruppetimar, mykje smilande menneske innom og ei vaffel-lukt som strekte seg gjennom heile dalen.
Gjennom dagen vart det steikt enorme mengder proteinvafler, og NoSkit på plass med både kambudsja og FOSSA vatn.
Det var opning på dei nye tilboda våre, CrossTrain og Boksing. Deltakarane var alt i frå 8 år til 60 år gamle, og av alle ferdighetsnivå. Nokre var heilt nye til idretten, andre hadde prøvd nokre gonger før. På Norheim er alle aldrar og nivå velkomne på gruppetimane.
i samband med opninga køyrer me eit svært godt kampanjetilbod. I mars kan du teste Crosstrain og Boksing for berre 199 kroner.
For å benytte deg av opningstilbodet kan du fylle inn dette skjemaet: Påmelding Opningsmånad – Fyll ut skjema
Takk for alle som møtte opp på opninga, og ikkje minst ein stor takk til alle som hjalp til i forkant.
Me gler oss til å sjå DEG på gruppetimane våre.



